Treningsleieren på Gran Canaria.

Postet av Førde Cykleklubb den 2. Mai 2014

Vi reiste natt til Fredag mot Bergen og tok flyet kl 0750. Vel framme på Eden Apartments i Puerto Rico, blei det kasta seg over montering av sykklane.
Første økta gikk opp tempodalen Fredag ettermiddag.
Dag 2: Turen gikk felles i pappegøyedalen, tilvenning til varme.Utstyr og bein fungerer fint.
Dag 3 : Vi delte oss inn i 2 grupper: Marie og Sivert Kennet opp Soria og ned Mogan. Dei litt meir rutinerte tok ein 10 mils tur opp Fataga – San Bartolome(med obligatorisk kakestopp)-Ayacata og ned Mogan. Denne turen viser 2381 høgdemeter.
Dag 4: Bakketest opp Mogan. 9 km motbakke blei eit blodslit i varmen.
Dag 5: Kviledag for tunge bein og såre rumper.
Dag 6: Eldste-gruppa tok ein rolig langtur, Puerto Rico-Maspalomas-Fataga-Santa Lucia. Mens gruppe 2 hadde ein runde rundt Pappegøyedalen. Dag 7: Samla hardøkt i Tempodalen. Her blei tempodalen kjørt 4 ganger, Partempo og tempotest.Dag 8: Eldste-gruppa kjørte ein langtur til Telde og retur i høgt tempo i medvinden. Gruppe 2 var ein rolig tur i Mogan. Dag 9: Felles hardøkt i Pappegøyedalen. Det vart kjørt 2 x 8 min intervall opp og det blei ritttempo på returen. Dag 10: Kviledag, noen tok ein rolig tur til Maspalomas for å gå i sykkelbutikker mens andre slappa av. Vi såg også på Paris- Roubix på tv.
Dag 11: Toppen av øya stod for tur, dette blei ein lang tur på 12 mil.Nesten alle kom seg på toppen.Sivert var uheldig og velta i ein sving full av grus.Dermed var treningsleiren over for han,full i skrubbsår.
Dag 12:Ein rolig tur i Tempodalen med litt fartsleik
Dag 13 Bakketest opp mogan ,ned Soria og Tempo x2 i tempodalen.
Dag 14 Siste turen gikk i tempodalen med tempotest,spurter og hardkjør.
Heimreise Langfredag og vi er klare for rittsesong :)



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc