Andrè med seier i sesongåpninga

Postet av Førde Cykleklubb den 2. Mai 2014

Helga 26-27 April var det sesongåpning for Ungdomsgruppa.Prestisjetunge Rogaland 3 dagers stod for tur. Det var 3 løp ein skulle igjennom. Tempo,Gateritt og fellesstart. Tempo og Fellesstart er også prøve UM.

Førde CK stillte med 5 ryttera denne helga.

I klassen M11-12 er det Jonas Osland og Kasper Kjønås Heggø som kjemper om heder og ære, dei ser ut som dei koser seg på ritt , og på Tempo og Gaterittet var Jonas eit lite hovud forran Kasper. Fellesstarten på Søndag var det kasper som trakk det lengste strået dei to imellom. Viktigst her er flotte premier og ein god sykkel opplevelse.

I K13-14 skulle Marie Osland få brynt seg godt, det er mangen jenter som holder eit høgt nivå og det merkes, Marie ligg litt bak dei beste på Tempo og Gaterittet. Fellestarten viser ho at ho kan klore seg fast. Det er bare å stå på ein dag løsner det heilt.

I M13-14 viser Andrè Heggø nok ein gang at han er å rekne med Tempoen sykkla han inn til ein 3 plass og på Gaterittet tok han like godt sigeren !! Han gikk i brudd ein 10-12 min før målgang og holdt dette heilt inn. På fellestarten lykkes han ikkje heilt , han prøvde fleire ganger å komme seg i brudd utan å lykkes .Da ender  det med massespurt og da blir han litt for lett, blei nr 13 denne dagen

M15-16 Sitter Frode Birkeland med i hovedfeltet på alle løpa, ligger litt på halen men jobber seg oppover utpå Søndagen. Med meir felttrening kan frode også vere med å prege ritta meir.

Alt i alt ei meget flott sesongåpning, det skalseiast at resultatlistene er fortsatt ein del rot med.Vi får håpe dei ordner dette til UM i August



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc