Categories
Archive
Treningsleieren på Gran Canaria.
Posted by Førde Cykleklubb on 2. Mai 2014
Vi reiste natt til Fredag mot Bergen og tok flyet kl 0750. Vel framme på Eden Apartments i Puerto Rico, blei det kasta seg over montering av sykklane. |
Første økta gikk opp tempodalen Fredag ettermiddag. Dag 2: Turen gikk felles i pappegøyedalen, tilvenning til varme.Utstyr og bein fungerer fint. Dag 3 : Vi delte oss inn i 2 grupper: Marie og Sivert Kennet opp Soria og ned Mogan. Dei litt meir rutinerte tok ein 10 mils tur opp Fataga – San Bartolome(med obligatorisk kakestopp)-Ayacata og ned Mogan. Denne turen viser 2381 høgdemeter. Dag 4: Bakketest opp Mogan. 9 km motbakke blei eit blodslit i varmen. Dag 5: Kviledag for tunge bein og såre rumper. Dag 6: Eldste-gruppa tok ein rolig langtur, Puerto Rico-Maspalomas-Fataga-Santa Lucia. Mens gruppe 2 hadde ein runde rundt Pappegøyedalen. Dag 7: Samla hardøkt i Tempodalen. Her blei tempodalen kjørt 4 ganger, Partempo og tempotest.Dag 8: Eldste-gruppa kjørte ein langtur til Telde og retur i høgt tempo i medvinden. Gruppe 2 var ein rolig tur i Mogan. Dag 9: Felles hardøkt i Pappegøyedalen. Det vart kjørt 2 x 8 min intervall opp og det blei ritttempo på returen. Dag 10: Kviledag, noen tok ein rolig tur til Maspalomas for å gå i sykkelbutikker mens andre slappa av. Vi såg også på Paris- Roubix på tv. Dag 11: Toppen av øya stod for tur, dette blei ein lang tur på 12 mil.Nesten alle kom seg på toppen.Sivert var uheldig og velta i ein sving full av grus.Dermed var treningsleiren over for han,full i skrubbsår. Dag 12:Ein rolig tur i Tempodalen med litt fartsleik Dag 13 Bakketest opp mogan ,ned Soria og Tempo x2 i tempodalen. Dag 14 Siste turen gikk i tempodalen med tempotest,spurter og hardkjør. Heimreise Langfredag og vi er klare for rittsesong :) |
Comments
Logg inn for å skrive en kommentar.